Hopp til hovedinnhold

Innhaldsrik trafikksikringsdag

Ein bil som heng frå ein heisekrane over ein parkeringsplass. I bakgrunnen står mange elevar og ser på. I framgrunnen står politi og redningsmannskap.

Tysdag 9. april vart det arrangert trafikksikringsdag for alle elevar på Fitjar vidaregåande skule og for 9. og 10. trinn på Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Dagen opna med eit inspirerande føredrag frå psykolog og stipendiat Jan-Ove Hesselberg, kjend frå fleire populærvitskapeleg program på TV og frå podkastar. Han snakka om korleis me alle kan læra oss å ta betre avgjersler ved å bli meir medvitne for kva som styrer oss når me tek store og små avgjersler i kvardagen. Føredraget hans var tankevekkande, og han involverte publikum ved hjelp av spørsmål og avstemmingar på mobil.

Føredragshaldar Jan-Ove Hesselberg står på ein talerstol og snakker til salen. I bakgrunnen står det skrive "bedre beslutninger."

Deretter vart alle deltakarane samla utanfor parkeringsplassen på Fitjar vgs for dagens brutale høgdepunkt: Bildroppet. Her vart ein bil sleppt frå ei mobilkran i ein fart tilsvarande 80 km/t, slik at alle tilskodarane tydeleg fekk demonstrert kva som skjer dersom ein kolliderer i denne farta. Etterpå kom naudetatane til skadestaden. Fitjar brann- og redning demonstrerte kva dei gjer når dei kjem først til ein ulukkesstad. Ei dokke vart redda ut av den samanpressa bilen og køyrd vekk i ambulanse. Politiet fortalte og om kva som er deira rolle på ulukkesstaden. Heile seansen gjorde sterkt intrykk på både vaksne og ungdommar!

Ein bil er heist opp i toppen av en krane, klar til å sleppast
Me ser ein bil i det den kræsjer i bakken og fronten blir trykka inn
Ein mann frå Fitjar brann og redning som bruker ei stor metallsaks for å klippa open i dør i bilvraket
Ei dokke på ei båre blir frakta frå bilvraket og inn i ein ambulanse

Etterpå rullerte elevane på ulike postar utanfor og inni kulturhuset, bemanna av representantar frå NAF, ambulansetenesta i Helse Fonna, Politiet og Sunnhordland trafikkopplæring. NAF hadde teke med bråstoppmaskinen og «Velte-Jacob», der elevane sjølv kunne få kjenna fysikken sine lovar på kroppen.

Ein lærar er på veg inn ein velte-jacob, ein maskin som snurrer ein bil opp ned
To elever i bråstoppmaskinen, som bråstopper slik at håret flagrar

Trafikksikringsdagen i Fitjar kommune vert arrangert annakvart år, og er eit samarbeid mellom Fitjar kommune, Rimbareid barne og ungdomsskule og Fitjar vidaregåande, koordinert av Fitjar frivilligheitssentral. Arrangementet er støtta av fylkestrafikksikringsutvalet (FTU) i Vestland fylkeskommune.

Vraket av bilen som var knust under trafikkdagen, nærbilete