Hopp til hovedinnhold

Helse og oppvekst - studieførebuande

To elevar i framgrunnne, på kvar si side av biletet. Den eine har helseuniform på.  I bakgrunnen sit det to elevar i kvite frakkar som måler blodsukker

Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.

Kvifor velja helse og oppvekstfag studieførebuande?

  • Du er interessert i helse og ønsker å arbeida med menneske.
  • Du vil studera vidare på høgskule eller universitet.
  • Du ønskjer ei meir praktisk og fagleg tilpassa opplæring fram til generell studiekompetanse.
  • Du ønskjer ei jamnare fordeling av fellesfag og programfag der påbyggsfaga er fordelt utover alle dei tre åra.

Me tilbyr

  • Eit treårig løp (vg1, vg2 og vg3) med programfag frå vg1 Helse- og oppvekstfag og frå vg2 Helsefagarbeidar, som gir generell studiekompetanse etter vg3. 

Kva kan du bli?

Etter å ha gått tre år på helse- og oppvekst studieførebuande, får du generell studiekompetanse og kan søka vidare på dei aller fleste studiar på høgskule og universitet.

På helse- og oppvekst studieførebuande får du ei god blanding av tradisjonelle skulefag, omtala som fellesfag, og programfag, som er dei yrkesfaga frå vg1 helse og oppvekstfag og vg2 helsearbeidarfag. Det er lagt vekt på at både fellesfaga og programfaga skal vere yrkesretta og opplevast som relevante i høve til framtidig yrke, slik at du som elev lærer best og mest mogeleg. Dette betyr tett samarbeid mellom faga og ei grunnleggande tverrfagleg forståing. 

Helsefremmande arbeid

I dette faget lærer du om korleis ein skal jobba for å fremma god folkehelse. Det handlar om samanhengen mellom livsstil og fysisk og psykisk helse. Meir konkret betyr det arbeid med førebygging, kosthold, fysisk aktivitet, å hindre smitte, korleis kroppen er bygd opp og fungerer og korleis kropp og psyke utviklar seg. Førstehjelp og ergonomi er også viktige område innan faget.    

Kommunikasjon og samhandling  

I dette faget lærer du om korleis du skal møte menneske på ein god måte. Menneske er ulike. Vi har forskjellige språk og kulturell bakgrunn, har ulik religion og livssyn og har ulik alder, livssituasjon og funksjonsnivå. Alt dette krev kløkt og klokskap og omfattar at ein er bevisst på eigen veremåte i møte med ulike brukarar. Dette er heilt nødvendig for å kunne utføre ein god jobb med vekt på service, ansvar og brukarmedverknad innan helse- og oppvekstsektoren.  

Yrkesliv  

I dette faget lærer du om rammer, lover og reglar som er viktige i det å vere arbeidstakar og arbeidsgjevar. Det betyr innblikk i eigenarten til og krava innanfor ulike yrke, og du lærer om å vere i eit arbeidsliv som er prega av fleirkulturelt mangfald.  

Yrkesfagleg fordjuping  

I faget Yrkesfagleg fordjuping kan du prøve ut ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget inneber å vere utplassert i praksis i bedrift og er meint å kunne hjelpe deg i val av utdanningsløp. Me samarbeider tett med arbeidsplassar i regionen. Døme på dette er mellom anna sjukeheimar, sjukehus, bufellesskap, dagsenter og heimebaserte tenester.  

Fellesfaga

I tillegg til programfaga vil du på dette utdanningsprogrammet ha fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, historie og kroppsøving. Dette betyr at på Helse- og oppvekstfag studieførebuande så treng du ikkje å ha framandspråk. 

_MWF5583.jpg

Vegen vidare

Med generell studiekompetanse kan du søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane. Har du ikkje bestemt deg, kan du får gode tips på utdanning.no.

Etter vg3 kan ein alternativt også velja å bli lærling og ta fagbrev før eventuell vidare utdanning, men dette ligg ikkje inn som ein rettigheit slik som på eit ordinært yrkesfagleg løp.