Hopp til hovedinnhold

Kantina

Elevar som har det hyggeleg rundt eit bord i kantina

Kantina er hjarta på skulen vår!

På Fitjar vidaregåande driv me vår eiga kantine. Alle elevar og lærar er innom minst ein gong kvar dag for å få nydeleg heimelaga mat, koseleg stemning og ein smootie eller kopp kaffe mellom skuletimane. Kantina er open alle skuledagar mellom kl. 07:15 og 13:00. 

Frukost

Det er ikkje alle som har tid til å laga seg frukost før dei dreg heimefrå. Difor tilbyr me gratis frukost til alle elevar frå kl. 07:15 og fram til første time. Frukosttilbodet varierer mellom havregraut og det elevane kallar "hotellfrukost": brødmat med påleggsbuffet.

Varmlunsj

I lunsjpausen kvar dag, frå kl. 11:20 til 11:45, serverer me sunn varmlunsj i kantina, laga her på skulen av katinebestyrer Jorunn Torland og lærling Martine Korsvik. Kvar posjon koster mellom 30 og 40 kroner. Følg dei på kantino_Fitjarvgs på Instagram for å sjå kor mykje godt dei lagar!

Andre varer

I kantina kan du og kjøpe alt frå påsmurte rundstykke til heimelaga smooties, og me sel og enkelte ferdigvarer, som t.d. jogurtar. Me har ein sunn profil og har m.a. vår eigen salatbar.

Du kan betala med kort eller kontant.

Med mat i magen får du energi til å yte ditt beste heile skuledagen!

Er det noko du lurar på?

Har du spørsmål om kantina, kan du ta kontakt med kantinebestyrar Jorunn Torland

Jorunn Torland

kantinestyrar
Portrettfoto av Jorunn Torland