Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulen utanifrå ein sommardag

Fitjar vidaregåande skule har helsesjukepleiar og psykolog.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Mari Gregersen Rosseland er på skulen kvar måndag, og brukar same kontor som NAV-rettleiaren og psykologen (i gangen ved kjøkenavdelinga, tvers for heisen).

Du kan snakka med helsesjukepleiar om alt du ønskjer, og ho har teieplikt. Helsesjukepleiar kan mellom anna hjelpe til med: 

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller å på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Du kan få rettleiing om fysisk og psykisk sjukdom, sex og samliv, vanskelege ting, og mykje anna. Hos helsesjukepleiar kan du ta urinprøve for å sjekka om du er gravid, eller har urinvegsinfeksjon. Me har også plaster, bandasjar, samt blodtrykksapparat.

Helsesjukepleiar deltek i ressursteam ved skulen, saman med rektor, rettleiingstenesta v/OT og PPT, sosialrådgjevar, Nav-rettleiar og avdelingsleiarane. Her jobbar me tverrfagleg for at elevane skal få det betre på skulen.

Av og til samarbeider helsesjukepleiar med for eksempel foreldre, fastlege, Nav, DPS eller BUP. Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der.

Psykolog

Psykolog Karoline Dahl Aarskog er på skulen kvar fredag. Ho brukar same kontor som helsesjukepleiarn og NAV-rettleiaren (i gangen ved kjøkenavdelinga).

Ta kontakt med sosialrådgjevar Ena Ulversøy for å få time hos skulepsykologen.

Velkommen!

Kontakt skulehelsetenesta

Mari Gregersen Rosseland

Helsesjukepleiar
Rosseland Mari Gregersen.jpg

Karoline Dahl Aarskog

Psykolog