Hopp til hovedinnhold

2. og 4. plass i fylkesmeisterskapet for yrkesfag

Ei vakkert pynta kake, med raud gele på toppen og raude makroner rundt

To elevar frå vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør på Fitjar vgs deltok denne veka i årets fylkesmeisterskapet for yrkesfag, og kom heim med ein 2. plass i konkurransen for konditorfag og ein 4. plass i konkurransen for kokkefag.

Det var Voss vgs. som 1. og 2. februar arrangerte konkurransane for dei ulike faga innanfor restaurant og matfag. 14 februar er det Fitjar vgs. sin tur til å arrangera fylkesmeisterskap, då vert det konkurrert i barne- og ungdomsarbeidarfag.

Dei to elevane som deltok i fylkesmeisterskapet for restaurant og matfag, var Emilia Marta Kudlaczak og Synnøve Fjose Stokken. Med seg til Voss hadde dei faglærar Astrid Bukkøy.

Elev som kuttar i eit lammerlår på eit kjøkken

Emilia går vg2 kokk- og servitør på Fitjar vgs, og deltok i konkurransen for konditorfag. Den nydelege kaka hennar bestod av jordbærmousse, pasjonsfruktgele, biskuit og kvit sjokolade med makroner. For denne flotte prestasjonen vart ho belønna med 2. plass.

Emilia deltok også i konkurransen for konditorfag i 2023; då vann ho fylkesmesiterskapet for Vestland og fekk ein 4. plass i NM for yrkesfag. I 2024 vert det ikkje arrangert NM i yrkesfag på grunn av arrangørorganisasjonen World Skills sin økonomiske situasjon, men Vestland fylkeskommune har likevel valt å arrangera dei ulike fylkesmeisterskapa slik at årets elevar får moglegheit til å konkurrera – det er me veldig glade for.

Ei vakker raud kake, med geletopp og pynta med raude makroner

Synnøve går vg1 restaurant- og matfag på Fitjar vgs og deltok for første gong i konkurransen for kokkfag. Her var oppgåva å laga ein hovudrett og ein dessert med påsketema. Hennar hovudrett bestod av omnsbakte lammelår, glaserte betar, sellerirot-krem, hasselbakt potet og lammesky med timian. Desserten var eit vakkert påskeegg i sjokolade fylt med appelsinfromasj og knust Kvikk Lunsj. For denne flotte prestasjonen vart ho belønna med 4. plass.

Ein tallerken med påskelam og tilbehør
Påskedessert, ei skål av sjokolade med appelsinfromasj

Har DU lyst til å smaka den gode maten som elevane våre på vg1 restaurant- og matfag og vg2 kokk- og servitør lagar? Då må du besøka oss på open skule tysdag 6. februar, og bestilla bord i restauranten vår. Les meir om det her.