Hopp til hovedinnhold

Demonstrasjon mot framlegg om skulenedlegging

Ei meng av menneske som går i demonstrasjonstog med skilt som handlar om å bevara Fitjar vgs.

Måndag 15. april var det ein stor demonstrasjon i Fitjar sentrum mot høyringsframlegget frå Vestland fylkeskommune om å leggja ned Fitjar vgs. og å ta bort utdanniningstilbod frå region Sunnhordland

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 4. april 2024 å senda ut på høyring eit framlegg til ny heilskapleg tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring for perioden 2025 til 2035. I dette framlegget vert Fitjar vidaregåande foreslått nedlagt og tilboda ved skulen vert foreslått flytta til nye Stord vidaregåande på Vadbakken, dersom byggjetrinn 2 på det nye skulebygget der vert vedteke. I framlegget vert det og foreslått å ta bort fire utdanningstilbod frå Sunnhordlandsregionen: Tre tilbod frå Stord vgs (Musikk, dans og drama, Media og kommunikasjon, Sal, service og reiseliv) og eit tilbod frå Fitjar vgs (FBIE: Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign). Det er lagt opp til ei open høyring der alle kan senda inn sine høyringsinnspel innan 20. mai.

Trykk på denne lenka for å lesa høyringsframlegget og senda inn ditt høyringsinnspel.

Ei meng av menneske som går i demonstrasjonstog med skilt som handlar om å bevara Fitjar vgs.

Som ein del av høyringsprosessen vert det og gjennomført regionsvise høyringsmøte over heile fylket i løpet av april. For region Sunnhordland vart dette høyringsmøtet gjennomført på Stord vgs. den 15. april. I samband med dette høyringsmøtet, var det tidlegare same dagen gjennomført ei folkeleg markering i Fitjar sentrum, der ein demonstrerte mot framlegga om skulenedlegging og om fjerning av tilbod frå regionen.

Mange plakatar som ligg på eit bord, med tekst som "redd fitjar vgs", "trygt å gå på liten skule" osb.

Framfor Fitjar vgs. hadde det samla seg eit langt tog beståande av elevar og tilsette frå Fitjar vidaregåande, ungdomsrådet i Fitjar kommune, elevar frå grunnskulen og andre frå Fitjar-samfunnet som ønska å visa si støtte til skulen. Dette toget gjekk så frå Fitjar vgs. igjennom Fitjar sentrum og enda opp framfor Fitjar sentrum, der dei oppmøtte fekk høyra seks engasjerte appellar for å bevara Fitjar vgs. og for å bevara alle linjetilboda for ungdommane i Sunnhordland.

Ei mend av folk med paraplyar og demonstrasjonsplakatar som står på ein parkeringsplass og høyrer på appellar

Sjå film frå demonstrasjonen og høyr klipp frå appellane her.

Ein mann i svart jakke som held ein tale framfor ein mikrofon. I bakgrunnen står det Fitjar rådhus på ein vegg
Ein ungdom i kvit boblejakke som held ein tale framfor ein mikrofon. I bakgrunnen står det Fitjar rådhus på ein vegg
Ein ungdom som held ein tale framfor ein mikrofon. Attmed står det to andre ungdommer og held i eit banner der det står "Fitjar ungdomsråd. Nei til nedlegging av Fitjar vgs"
Ein mann i grøn jakke som held ein tale framfor ein mikrofon.
Ei kvinne i svart jakke som held ein tale framfor ein mikrofon. I bakgrunnen står det Fitjar rådhus på ein vegg
Ein mann i blå jakke som held ein tale framfor ein mikrofon. I bakgrunnen står det Fitjar rådhus på ein vegg
Ein mann i blå boblejakke som held ein tale framfor ein mikrofon. I bakgrunnen står det Fitjar rådhus på ein vegg

 

Fitjar ungdomsråd publiserte same dag ein underskriftskampanje for å bevara Fitjar vidaregåande. Denne kampanjen finn du på denne lenka.