Måndag 15. april var det ein stor demonstrasjon i Fitjar sentrum mot høyringsframlegget frå Vestland fylkeskommune om å leggja ned Fitjar vgs. og å ta bort utdanniningstilbod frå region Sunnhordland
Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 4. april 2024 å senda ut på høyring eit framlegg til ny heilskapleg tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring for perioden 2025 til 2035. I dette framlegget vert Fitjar vidaregåande foreslått nedlagt og tilboda ved skulen vert foreslått flytta til nye Stord vidaregåande på Vadbakken, dersom byggjetrinn 2 på det nye skulebygget der vert vedteke. I framlegget vert det og foreslått å ta bort fire utdanningstilbod frå Sunnhordlandsregionen: Tre tilbod frå Stord vgs (Musikk, dans og drama, Media og kommunikasjon, Sal, service og reiseliv) og eit tilbod frå Fitjar vgs (FBIE: Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign). Det er lagt opp til ei open høyring der alle kan senda inn sine høyringsinnspel innan 20. mai.
Trykk på denne lenka for å lesa høyringsframlegget og senda inn ditt høyringsinnspel.
Som ein del av høyringsprosessen vert det og gjennomført regionsvise høyringsmøte over heile fylket i løpet av april. For region Sunnhordland vart dette høyringsmøtet gjennomført på Stord vgs. den 15. april. I samband med dette høyringsmøtet, var det tidlegare same dagen gjennomført ei folkeleg markering i Fitjar sentrum, der ein demonstrerte mot framlegga om skulenedlegging og om fjerning av tilbod frå regionen.
Framfor Fitjar vgs. hadde det samla seg eit langt tog beståande av elevar og tilsette frå Fitjar vidaregåande, ungdomsrådet i Fitjar kommune, elevar frå grunnskulen og andre frå Fitjar-samfunnet som ønska å visa si støtte til skulen. Dette toget gjekk så frå Fitjar vgs. igjennom Fitjar sentrum og enda opp framfor Fitjar sentrum, der dei oppmøtte fekk høyra seks engasjerte appellar for å bevara Fitjar vgs. og for å bevara alle linjetilboda for ungdommane i Sunnhordland.
Sjå film frå demonstrasjonen og høyr klipp frå appellane her.
Fitjar ungdomsråd publiserte same dag ein underskriftskampanje for å bevara Fitjar vidaregåande. Denne kampanjen finn du på denne lenka.