Fitjar vidaregåande er sertifisert som dysleksivennleg skule av Dysleksi Norge.
På Dysleksi Norge sine heimesider, kan du lesa meir om kva det betyr
- Tilsette med høg kompetanse.
Alle tilsette på Fitjar vgs. kjenner til dei faglege retningslinjene frå Dysleksi Norge.
- Du kan vera deg sjølv i eit trygt læringsmiljø.
- Tidleg kartlegging.
Alle elevar på vg1 og «nye» elevar på vg2 og vg3 vert kartlagde i norsk, engelsk og matematikk.
Me samarbeider med grunnskulen om overgang til vidaregåande.
Me samarbeider tett med PPT om utredning og oppfølging.
- Opplæring i digitale hjelpemiddel.
Alle elevar får tilgang til og opplæring i programvare som gir lese- og skrivestøtte.
Elevar med dysleksi får og tilgang til digitale lærebøker.
- Ein organisert og oversikteleg skulekvardag.
Alle fag legg planar og dokument ut i digital form.
- Praksisrelatert og variert undervisning.
- Tilpassa vurderingsformer.
Elevar med dysleksi kan få individuell tilpassing av vurderingssituasjonar, som til dømes utvida tid, bruk av PC og munnlege prøver.
- Me ser DEG!
Ein dysleksivennleg skule er ein god skule for alle – alt startar med deg!