Hopp til hovedinnhold

Praksisplassar i Danmark

Elevar framfor bygg og hav i København

I dei to siste vekene har fem elevar frå Fitjar vgs hatt utplasseringstida si i København, igjennom stipend frå Erasmus+, EU sitt program for utdanning og utveksling.

Marta Vik Litlabø (17), Mia Volden (17) og Kaja Solheim Fjæra (17) går på alle på vg2 helsefagarbeidar, og dei har hatt praksisen sin på Rundskuedagens Plejecenter, eit pleiesenter for pasientar med alkoholdemens. Kristine Sæbø Nilssen (22) og Iver Emil Simonsen (19) går på vg2 kokk- og servitør, og dei har vore utplassert på Hotel- og restaurantskolen i København, Nord-Europas største bransjeskule i sitt slag. Her har dei mellom annan arbeidd på ein elevdriven restaurant.

imageyqns4.png

I dagens papirutgåve av lokalavisa Sunnhordland kan ein lesa eit lengre reisebrev frå elevane sine to veker i Danmark. Artikkelen kan og lesast på denne lenka (treng innlogging)

Fitjar vgs har lange tradisjonar for internasjonalt samarbeid og praksisplassar i utlandet. I pandemiårene har mange prosjekt og reiser naturleg nok blitt sett på vent, men no er me endeleg i gong igjen. Me ser fram til mange kommande internasjonale prosjekt og utplasseringar i åra som kjem!  

På Hotell og restaurantkulen.jpg