Tysdag 4. februar fekk elevane på Fitjar vgs. og Rimbareid ungdomsskule oppleva ein sterk konsert med Mugisho Nhonzi i Fitjar kultur- og idrettsbygg.
Konserten vart arrangert av Den kulturelle skulesekken Vestland, som presenterer konserten slik på sine heimesider:
«I Norge bur det menneske frå over 200 land. Mange av desse er unge og kjenner seg norske, men likevel ikkje heilt heime. Det kan være fordi dei er andre- eller tredjegenerasjonsinnvandrarar, eller fordi dei er adoptert. Dette er historia om ein ung mann og familien hans som slit med å høyre heime.
Når folk ser artisten Mugisho Nhonzi, ser dei ein afrikanar. Problemet er at han ikkje hugsar å ha vore i heimlandet Kongo. Han kjenner seg norsk, men ikkje heilt. For han veit at han også er noko anna.
Konsertframsyninga handlar om hudfarge, identitet, respekt, aksept, forståing og rettferd. Men i botnen ligg djupare og meir personlege spørsmål. Kven er eg og kvar kjem eg i frå? Kjensla av at eg ikkje er som alle andre, uansett kor mykje velvilje som finst i det norske folk. Kvar er røtene mine?»
Både elevar og lærarar kunne etterpå fortelja om ein fantastisk konsert med personleg og rørande historiefortelling, film og musikk som gjorde inntrykk på publikum. Takk til Mugisho Nhonzi for denne flotte opplevinga!