Fredag 12. august 2022 arrangerte Fitjar vgs ein konferanse om tilpassa opplæring og inkludering saman med dei tre grunnskulane i Fitjar kommune: Selevik skule, Øvrebygda skule og Rimbareid barne- og ungdomsskule.
Konferansen var ei avslutning av eit samarbeidsprosjekt i skuleåret 2021-22 om inkludering i yrkesfag mellom Fitjar vgs og skular i Polen og på Island, kalla «Development of vocational education aiming at social inclusion – polish-scandinavian exchange of experience and good practice».
Konferansen byrja med eit svært inspirerande føredrag av fotballtrenar og lærar Roger Finjord, som fortalte om korleis ein inkluderer og skapar «det gode laget» både på banen, i klasserommet og på ein arbeidsplass.
Etterpå fekk salen høyra meir om samarbeidsprosjektet. Lærarane som deltok i prosjektet, Agnieszka Golec-Rutkowska, Geir Arne Solbakken, Anne Kristin Skår og Ena Ulversøy, fortalte om det dei hadde lært av samarbeidet med Island og Polen og presenterte korleis me på Fitjar vgs arbeider med inkludering på ulike måtar. Etter ei oppsummering frå rektor Leif Helge Engelsen, vart konferansen avslutta med ein felles lunsj på Fitjar vgs.
Samarbeidsprosjektet er finansiert av Iceland, Liechtenstein og Norway Grants.