Tysdag 12. februar samarbeidde elevar frå Fitjar vgs. med Fitjar frivilligsentral og Fitjar kommune om eit kjekt arrangement for eldre i Fitjar kultur og idrettsbygg, støtta av den kulturelle spaserstokken.
Heile 75 seniorar i Fitjar kommune hadde møtte opp til ein kulturell formiddag denne tysdagen. Dei fekk først servert førestillinga «Hedda og Håken – livet brenn!», skapt og framført av den dyktige forteljaren Johanne Øvstebø Tvedten. Ho gjenfortalde handlinga i Henrik Ibsens skodespel «Hedda Gabler», men plasserte ho i eit univers me kjenner frå norske folkeeventyr. Slik fekk historia om Hedda nye, tankevekkande lag. «Det var ei heilt fantastisk førestilling!» kunne publikummar Gro Rydland fortelja etterpå, og mange av dei frammøtte var einige i det.
Etterpå var det kaffi, kaker og drøs i foajeen. Elevar på vg1 restaurant- og matfag hadde laga maten, og elevar på vg1 helse- og oppvekst studieførebuande stod for serveringa. Elevane hjelpte og til med å følgja seniorar til og frå arrangementet.
Ellinor Bergesen frå Fitjar frivilligsentral og ordførar Wencke Tislevoll var begge svært nøgde med arrangementet og håpar å få til fleire slike samarbeid i tida framover.

