Fitjar vidaregåande skule har helsesjukepleiar på skulen.
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar Marit Irene Grønningen er på skulen kvar tysdag, og brukar same kontoret i gangen ved kjøkenavdelinga (tvers for heisen).
Du kan snakka med helsesjukepleiar om alt du ønskjer, og ho har teieplikt. Helsesjukepleiar kan mellom anna hjelpe til med:
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller å på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Du kan få rettleiing om fysisk og psykisk sjukdom, sex og samliv, vanskelege ting, og mykje anna. Hos helsesjukepleiar kan du ta urinprøve for å sjekka om du er gravid, eller har urinvegsinfeksjon. Me har også plaster, bandasjar, samt blodtrykksapparat.
Helsesjukepleiar deltek i ressursteam ved skulen, saman med rektor, rettleiingstenesta v/OT og PPT, sosialrådgjevar, Nav-rettleiar og avdelingsleiarane. Her jobbar me tverrfagleg for at elevane skal få det betre på skulen.
Av og til samarbeider helsesjukepleiar med for eksempel foreldre, fastlege, Nav, DPS eller BUP. Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der.
Det er og mogleg å ta kontakt med Helsestasjon for ungdom i Fitjar kommune, eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år.
Kontakt skulehelsetenesta
Marit Irene Grønningen
Helsesjukepleiar