På denne sida finn du informasjon om ulike tilbod vi har til deg som elev.
Skulehelsetenesta
Me har helsesjukepleiar som kan hjelpa deg når du treng det.
Les meir om skulehelsetenesta vår
Sosialrådgjevar og studierådgjevar
Sosialrådgjevar og studierådgjevar Ena Ulversøy kan hjelpa deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du avtala tid hos Ena.
Elevrådet
Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og leiinga på skulen.
Les meir om elevrådet og skulemiljøutvalet
IKT-hjelp
Rolf-Atle Rolfsnes er IKT-konsulent og hjelper deg med alt som gjeld IKT. Han har kontor ved sida av ekspedisjonen ved inngangen til gamlebygget.
Guro Betten er leiar med IKT-ansvar og kan hjelpa deg med It`s learning og Visma in School. Ho har kontor i administrasjonsgangen (2. etasje i gamlebygget)
Guro Betten
avdelingsleiarBiblioteket
På skulebiblioteket kan du mellom anna få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese.
Noko å ete?
Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke.
Nav-rettleiar
Fitjar vgs samarbeider med Nav Fitjar, for å jobbe førebyggande med små og store utfordringar som kan dukka opp når ein er elev i vidaregåande skule
Les meir om Nav-rettleiaren vår
Treng du hybel?
Me har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpa deg med å få kontakt med dei. Er dette av interesse eller har du spørsmål kan, du ta kontakt med Karianne i ekspedisjonen.